Panterbalsam inneheld sterke urter (eukalyptus, rosmarin, kamfer og peppermynte) som blant anna aukar blodgjennomstrøyminga i kroppen, og den kan difor fungere godt ved ulike typar smerter og verk. Anbefalast ved hovudpine, nakke- og skuldersmerter, muskelsmerter, voksesmerter hjå born, revmatiske og giktsmerter. Den arbeider seg også godt ned i muskulatur og ledd ved senebetennelser og kramper. Sjølv stappar eg den godt opp i nasen på både mor og born når det er tett nase, og då løsner det og blir frie luftvegar. Tilbakemeldingar rapporterar også om god effekt på migrene, munnsår, negleband, halsvondt (smør på halsen) og hemoroider.
Innhald: øko bivoks, øko tistelolje, øko solsikkeolje, øko rosmarinolje, øko kamferolje, øko peppermynteolje, øko eukalyptusolje, naturleg e-vitamin.